Gud åtvarar med katastrofer og ulykker; Omvend deg til Gud!
Noreg vender Gud meir og meir ryggen, og folket førast rett mot helvete og den evige fortapinga. Det vert hevda at velstanda i Noreg er eit sikkert tegn på at Guds velsigning kvilar over landet.Det er sant at materiell velstand er ei god gåve frå Gud, men den kan òg føra oss bort frå Gud, og det er det som hev skjedd med Noreg. Velstanda vart vår åndelege bane! Land og folk har no vendt seg bort frå Gud og til tome avgudar; pengar, egen ære, gods osv. Vi hev innførd gudlause lovar, vi drèp tusenvis av born i mors liv kvart år. Alt dette og meir, ropar opp til Gud om Noregs synd.
Gud er kjærleik, men det er heilag kjærleik. Gud er heilag, og tåler ikkje synd. Synd må straffast, og den straffa kjem i helvete for det som ikkje tek imot Jesus. Guds vreide ramma Jesus på korset, så vi skal sleppa. Dette er Bibelens vitnemål og glade evangelium, som framleis gjeld for folket i Noreg. Men tida er kort! Gud dreg snart ljosestaken bort frå Noreg!
Gud sender ikkje folk i døden, uten at han hev gitt dem ei klår åtvaring. Når folk ikkje lenger høyrer på Guds ord i Bibelen, sender Gud katastrofar, øydeleggingar og manndraparar over landet. Det er hendingar som skal ringje i øyrane på folk at dei må omvenda seg til Gud. Det er det som kjem kraftigare over Noreg i tida som kjem, men det kjem eg tilbake til.
Dei siste dagane hev mange kristne gått ut mot boka "22-juli profetien" (eg skal ikkje uttala meg om boka, for den har eg ikkje lest) og sagt at Gud ikkje har noko med 22. juli å gjera. Kvifor har han ikkje det? Er Gud makteslaus mot det onde? Nei! Gud hev alt i si fulle makt. I Amos 3:6 står det: "Eller blæs nokon i basun i ein by utan at folket skjelv? Eller hender det ei ulukke i ein by utan at Herren har gjort det?" Herren brukar både medgang og motgang, lykke og ulykke for å få folk frelst. Det er det mange vitnemål om i Skrifta.
Når eit folk vendar Gud ryggen, og går sine eigne vegar, og vil ikkje lenger høyra på Guds tilsagn i Skrifta, må Gud ty til hårdare tyn for å vekkja folk opp. Det norske folk finn seg sjølv i den ståa i dag. Folk flest bryr seg ingenting om kva Gud seier i Skrifta. Då må Gud tala gjennom store og øyreringjande hendingar som rystar i folket, og vil med det seia: Vakna! Flyg frå vreida som kjem, inn til barmen åt Jesus!
Ei slik hendingar har råka Noreg for få år sidan. 22. juli 2011 vart Noreg rysta av eit terroråtak mot sentrale styremaktars infrastruktur, og dernest mot AUF's ungdomsleir på Utøya i Tyrifjorden. Alt dette var utretta av éin mann som fekk herja i fleire timar før han vart stoppa. Dette var ei morderisk og ond handling, som ikkje kan forsvarast på noko sett og vis! Men det var tillett av Gud, eitt vekkjarrop frå vår skapar om at vi må omvenda oss til han! Når Gud blæs i basunen sin, er det alvor og vi lyda!
For lang tid tilbake var det ei slik hending i Danmark. Skagerak var islagt langt ut, og mange var ute og fiska på isen. Plutseleg, utan forvarsel, blæs det opp til storm, og isen bryt opp før folk kjem seg til land. Mange tusen døyr på havet som følgje av det. Reaksjonen på det var ein heilt annan en den vi såg i Noreg etter 22. juli. Det ropast ut til bøn og bot, og folk samlast i kyrkjene. Dei sannar: Dette er Gud, vi må omvenda oss!
Det fortvilande er at det norske folk nytta ikkje anledninga og åtvaringa vi fikk til å omvenda oss. Gud har fleire basunar. Eg fryktar at domen over Noreg kjem allereide her i tida. I Skrifta ser vi at domen over eit land og folk kjem frå nord. Det same kan skje med Noreg. Russland trugar frå nord. I to samsvarende syn som Anton Johanson (Lebesbymannen) og Øivind Andersen fekk, viser at Russland kjem og tek Noreg ned til Lyngenfjorden. Det tydar at heile Finnmark og godt inn i Troms fylke forsvinn i russiske hender. Dette er domen over Noreg om vi ikkje omvender oss! Men denne domen er for inkje å rekna i samanlikning med den evige dom i helvete som ventar dei gjenstridige, som ikkje vil omvenda seg til Gud, trass alle åtvaringar dei får! Ve dei som fell i den domen! Må Gud berga Noregs arme sjelar frå helheims flammar!
"Eg tek i dag himmelen og jorda til vitne mot dykk:
Livet og døden har eg lagt fram for deg, velsigninga og forbanninga.
Vel då livet, så du kan få leva, du og ætta di!"
5Mos 30:19
- Jan Eirik Berre, trøndersk lekmann.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar