"Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal slett ikke forgå. Men den dag og time kjenner ingen, ikke engang himmelen engler, men bare min Far. Og som Noahs dager var, slik skal menneskesønnens komme være. For likesom de i dagene før vannflommen åt og drakk, tok til ekte og gav til ekte, helt til den dag da Noah gikk inn i arken, og de visste ikke ordet av det før vannflommen kom og tok dem alle, slik skal det også være når Menneskesønnen kommer. Da skal to menn være ute på marken, den ene blir tatt med, den andre blir latt tilbake. To kvinner skal male sammen på kvernen, den ene blir tatt med, den andre blir latt tilbake. Våk derfor! For dere vet ikke hva dag deres Herre kommer."
Matteus' Evangelium 24:35-42

"Løft deres øyne og se markene, de er alt hvite til høst!"
Johannes' Evangelium 4:35

torsdag 2. juli 2015

Rettferdiggjeringa

Copyright: Tony Shertila (flickr)
Kva vil det sei å verta rettferdiggjord? Kva er det å vera rettferdig? Kven er rettferdig?
Mange kristne ser seg sjølv, og tenkjer: «Eg synder framleis i tankar, ord og gjerningar. Kan eg enno vera rettferdig?» Det er eit relevant spørsmål. Svaret skal eg koma attende til sidan.
Kva vil det sei å verta rettferdiggjord?
Lat oss sjå på nokon stader i Skrifta for å få påliteleg svar.
Gud er den som rettferdiggjer. (Rom 8:33)
Gud sendte son sin til soning for syndene våre. (1Joh 4:10, Joh 3:16, Gal 4:4-5)
Gud kallar oss og dreg oss til Jesus. (Joh 6:44)
Jesus tok på seg synda vår (Joh 1:29 «Sjå der Guds lam, som ber verdsens synd!»),
levde eit liv utan synd og brot (1Pet 2:22),
og døyde i vår stad. (Jes 53:5, Gal 3:13, 1Joh 2:2)
Vi får Jesu rettferd tilrekna som vår rettferd, ved trua på han. (Rom 4:5,16-25)
Som samandrag kan vi lesa 2Kor 5:21: «Han som ikkje visste av synd, har Gud gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.» Vi byter med Jesus. Jesus tar vår synd som sin, og vi får rettferda tilrekna.
Kva er det å vera rettferdig?
Ordet rettferdig er brukt i rettsmålet som ord for ein som er skuldfri, ikkje berre frikjend, men skuldfri, aldri gjort noko galt. Soleis er det òg med den Gud dømer rettferdig. Gud ser den truande i Jesus som om han aldri har gjort synd. Det ser vi i Sal 34:23 «Ingen av dei som søkjer livd hjå han, vert dømd skuldig.»
Kven er rettferdig?
Sal 32:1-2: «Sæl er den som har fått sine brot tilgjevne og si synd tildekt. Sælt er det menneske som Herren ikkje tilreknar misgjerning, og som er utan svik i si ånd.»

Så skal vi ta oppatt spørsmålet «Kan eg enno vera rettferdig, sjølv om eg fell i synd?»
Svaret på det er ja. Den som trur på Jesus kjem fortsatt til å falle i synd, kvar dag. Ikkje bestandig i openbare synder, men ofte i skjulte synder i tankar og lyster i hjartet. Men ein kristen kan ikkje bli der. Dette er til dagleg plage for ein kristen, og han må sanna syndene og gå til Jesus. Det fører han nærmare Jesus. Men ein ugudeleg trivast i synda, som sitt element.
Rettferda kviler utanfor oss, difor vert ikkje rettferda øydelagd av at vi fell i synd. Men om vi blir verande i synda og vil leva i den, og ikkje vil venda oss bort frå den, fell vi ut av nåden og lid skipbrot på trua.
Rom 6:1-2: «Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda, så nåden kan verta så mykje større? Langt ifrå! Vi som er døde frå synda, korleis skulle vi enno leva i synda?»

Til slutt:

Det er inga fordøming for dei som er Kristus Jesus, fortel Rom 8:1. Det tyder òg at det er ALL fordøming for dei som er utanfor Kristus Jesus. Er du, som les dette, viss på om du er i Jesus eller utanfor Jesus? Det er det som er spørsmålet, og det er her den store skilnaden syner seg i domen. Kor står du på den dagen?