Copyright: Tony Shertila (flickr) |
Kva
vil det sei å verta rettferdiggjord? Kva er det å vera rettferdig? Kven er
rettferdig?
Mange
kristne ser seg sjølv, og tenkjer: «Eg synder framleis i tankar, ord og
gjerningar. Kan eg enno vera rettferdig?» Det er eit relevant spørsmål. Svaret
skal eg koma attende til sidan.
Kva
vil det sei å verta rettferdiggjord?
Lat
oss sjå på nokon stader i Skrifta for å få påliteleg svar.
Gud er
den som rettferdiggjer. (Rom 8:33)
Gud
sendte son sin til soning for syndene våre. (1Joh 4:10, Joh 3:16, Gal 4:4-5)
Gud
kallar oss og dreg oss til Jesus. (Joh 6:44)
Jesus
tok på seg synda vår (Joh 1:29 «Sjå der Guds lam, som ber verdsens synd!»),
levde
eit liv utan synd og brot (1Pet 2:22),
og
døyde i vår stad. (Jes 53:5, Gal 3:13, 1Joh 2:2)
Vi får
Jesu rettferd tilrekna som vår rettferd, ved trua på han. (Rom 4:5,16-25)
Som
samandrag kan vi lesa 2Kor 5:21: «Han som ikkje visste av synd, har Gud gjort
til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.» Vi byter
med Jesus. Jesus tar vår synd som sin, og vi får rettferda tilrekna.
Kva er
det å vera rettferdig?
Ordet
rettferdig er brukt i rettsmålet som ord for ein som er skuldfri, ikkje berre
frikjend, men skuldfri, aldri gjort noko galt. Soleis er det òg med den Gud
dømer rettferdig. Gud ser den truande i Jesus som om han aldri har gjort synd.
Det ser vi i Sal 34:23 «Ingen av dei som søkjer livd hjå han, vert dømd
skuldig.»
Kven
er rettferdig?
Sal
32:1-2: «Sæl er den som har fått sine brot tilgjevne og si synd tildekt. Sælt
er det menneske som Herren ikkje tilreknar misgjerning, og som er utan svik i
si ånd.»
Så
skal vi ta oppatt spørsmålet «Kan eg enno vera rettferdig, sjølv om eg fell i
synd?»
Svaret
på det er ja. Den som trur på Jesus kjem fortsatt til å falle i synd, kvar dag.
Ikkje bestandig i openbare synder, men ofte i skjulte synder i tankar og lyster
i hjartet. Men ein kristen kan ikkje bli der. Dette er til dagleg plage for ein
kristen, og han må sanna syndene og gå til Jesus. Det fører han nærmare Jesus. Men ein ugudeleg trivast i synda, som sitt element.
Rettferda kviler utanfor oss, difor vert ikkje rettferda øydelagd av at vi fell i synd. Men om vi blir verande i synda og vil leva i den, og ikkje vil venda oss bort frå den, fell vi ut av nåden og lid skipbrot på trua.
Rettferda kviler utanfor oss, difor vert ikkje rettferda øydelagd av at vi fell i synd. Men om vi blir verande i synda og vil leva i den, og ikkje vil venda oss bort frå den, fell vi ut av nåden og lid skipbrot på trua.
Rom
6:1-2: «Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda, så nåden kan verta så
mykje større? Langt ifrå! Vi som er døde frå synda, korleis skulle vi enno leva
i synda?»
Til
slutt:
Det er
inga fordøming for dei som er Kristus Jesus, fortel Rom 8:1. Det tyder òg at
det er ALL fordøming for dei som er utanfor Kristus Jesus. Er du, som les
dette, viss på om du er i Jesus eller utanfor Jesus? Det er det som er spørsmålet,
og det er her den store skilnaden syner seg i domen. Kor står du på den dagen?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar