"Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal slett ikke forgå. Men den dag og time kjenner ingen, ikke engang himmelen engler, men bare min Far. Og som Noahs dager var, slik skal menneskesønnens komme være. For likesom de i dagene før vannflommen åt og drakk, tok til ekte og gav til ekte, helt til den dag da Noah gikk inn i arken, og de visste ikke ordet av det før vannflommen kom og tok dem alle, slik skal det også være når Menneskesønnen kommer. Da skal to menn være ute på marken, den ene blir tatt med, den andre blir latt tilbake. To kvinner skal male sammen på kvernen, den ene blir tatt med, den andre blir latt tilbake. Våk derfor! For dere vet ikke hva dag deres Herre kommer."
Matteus' Evangelium 24:35-42

"Løft deres øyne og se markene, de er alt hvite til høst!"
Johannes' Evangelium 4:35

søndag 6. september 2015

"Eg tok feil!"

Illustrasjonsfoto, copyright: Michael Larsen, flickr

- Eg tok feil!

Av Dag Rune Lid, i bladet Lov og Evangelium
(Mine uthevingar)

~~~~

    Ein person sat vakt ved eit dødsleie. Personen som låg i senga hadde vore ateist, og ville ikkje ha noko med Gud å gjere. No låg han i ein døs og det gjekk mot døden. Plustelig reiser han seg opp i senga og seier tydelig: - Eg tok feil! Så seig han tilbake og anda ut.
    Eg tykte det var tragisk å høyre det fortalt. Men Bibelen talar klart om at det finst ein himmel og eit helvete, sjølv om det er ei sanning menneske ikkje vil lytte til i dag.
    Etter kvart som vårt samfunn vert meir og meir avkristna, er det færre og færre som kjem under sann bibelsk forkynning, der sanninga om dei to utgangane på livet vert tekne fram. Men vert ikkje menneska omvende, vert helvete ein realitet for dei - det er det fortvilande.
    Djevelen er den største omvendingsforkynnaren me har. Han seier: - Klart du må omvenda deg! Det er det viktigste av alt! Men så legg han også alltid noko til: - Ikkje no, men seinare!
    Helvete vil vera fullt av menneske som lytta til denne forkynnaren, og dei vil i all æve måtte erkjenne som denne ateisten: - Eg tok feil!
    Lukkeleg er difor du som enno lever og kan få høyre Jesu ord i denne stund:
    "Den som kjem til meg, vil eg slett ikkje støyta ut" (Joh 6:37). Lytt til dette Jesu ord i dag, og gjer etter det! Då vil du, når du trekkjer ditt siste sukk, verta henta heim til himmelen og få erfare at du ikkje tok feil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar